Kjøring

Inspirasjonshelga – saman om å bli betre

Over 50 køyrentusiastar, ni demonstrasjonsekvipasjar, ein bunke miniwhiteboards og rikeleg tilgang på kaffi og kaker. Det vart utgangspunktet for den første Inspirasjonshelga i køyring, der målet var å samle folk frå heile køyremiljøet for å dele kunnskap, erfaringar og tankar om korleis vi kan bli betre.

Harmoni, nøyaktigheit, energi, takt og samspel. Ordskya er laga av svara frå deltakarane på spørsmålet om kva ord dei forbind med god dressurkøyring. Foto: TKK/SU-K
Lillann Jebsen
Publisert
-
Oppdatert

På årets grenkonferanse kom det fram eit ønske om ein felles møteplass for alle med interesse for køyring. Ein arena der dommarar, utøvarar, trenarar, teknisk personell og andre køyrentusiastar kunne møtast, uavhengig av kva rolle dei vanlegvis har i sporten.

Vi møtest sjølvsagt på både stevne, kurs og konferansar, men det er ikkje alltid desse arenaene gjev oss tid og rom til å diskutere ting i ein praktisk samanheng. Og dei fleste av oss er vel heller ikkje skapte for å sitje ein heil dag og ta imot informasjon frå ein skjerm.

Dermed vart Inspirasjonshelga til, i samarbeid mellom Teknisk komité køyring (TKK), Sportsutval køyring (SU-K) og arrangert med hjelp av Stav kjøre- og rideklubb. Den første av det vi håpar skal bli mange årlege samlingar.

Ta dei som kjem, og møt dei der dei er

Heilt frå starten ønskte vi at demonstrasjonsekvipasjane skulle stå i sentrum. Men i motsetnad til eit tradisjonelt dommarkurs, der ein gjerne er ute etter ekvipasjar som representerer bestemte kvalitetsnivå, ville vi gjere det litt annleis.

På eit stevne må vi ta dei ekvipasjane som kjem, møte dei der dei er og dømme det dei faktisk presterer. Det same utgangspunktet ønskte vi for Inspirasjonshelga. Med éin vesentleg forskjell: Her kunne vi gjere det vi ikkje kan gjere frå dommarbua, nemleg gå vidare frå karakteren og diskutere korleis ekvipasjen kunne forbetre prestasjonen.

Vi opna difor for at alle som ønskte det, kunne melde seg som demonstrasjonsekvipasje. Dei påmelde vart sorterte etter nivå, og med unntak av fleirspanna som vart særskilt oppfordra til å delta, vart plassane fordelte ved god gammaldags loddtrekning med papirlappar. Alle vart trekte i rekkefølgje, slik at vi også hadde reservar dersom nokon måtte melde avbod.

Og for ein flott bukett av demonstrasjonsekvipasjar vi fekk! Frå små shetlandsponniar til store varmblodshestar, frå fireåringar i starten av karrieren til rutinerte konkurransehestar på internasjonalt nivå. Her var det stor variasjon i både erfaring, nivå og ambisjonar. Felles for dei alle var viljen til å stille opp, by på seg sjølve og la oss andre få ta del i både det dei meistrar og det dei framleis arbeider med.

Deltakarane følgde øvingane frå sidelinja. Med miniwhiteboards vart det både synlege karakterforslag og diskusjonar om kva som låg bak vurderingane. Foto: TKK/SU-K
Malin Kvamstad og Rosalinas Lumina. Den seks år gamle fjordhoppa debuterte i køyring saman med Malin i år, og planen er å utvikle seg vidare innan sporten. Foto: TKK/SU-K
Anita Bergan og Læret’s Viktoria SG, kalla Vikki. Den fire år gamle danske oldenburgaren kom til Anita som toåring. Anita har sjølv ridd og køyrt henne inn, med god tid og mottoet «skunde seg sakte». Foto: TKK/SU-K

Frå karakter til gode råd

Laurdagen starta med Eivind Davik sitt innlegg «Dressur – frå nødvendig onde til livslang lidenskap», før vi flytta oss ut i ridehuset.

Kvar demonstrasjonsekvipasje fekk starte med å fortelje litt om hesten eller hestane sine. Kva likte dei best ved dei? Kva meinte dei hestane var særleg gode på? Dermed fekk vi eit innblikk i både styrkar og føresetnader før vi tok fatt på øvingane med ei allereie positiv vinkling.

Ekvipasjane demonstrerte øvingar henta frå ulike dressurprogram, og deltakarane vart inviterte, under lett tvang, til å skrive karakterforslaga sine på miniwhiteboards og halde dei opp. Men ein karakter åleine fortel oss ikkje så mykje. Difor vart deltakarane også utfordra til å grunngje vurderingane sine: Kva var bra? Kva trekte ned? Og ikkje minst: Korleis kan vi bli betre?

Demonstrasjonsekvipasjane fekk også sjølve fortelje korleis dei opplevde øvingane, og korleis råda fungerte for dei. For det som høyrest enkelt ut i teorien, er ikkje nødvendigvis like enkelt frå kuskebukken.

Marit Fostad med groom Daniel Veiseth og Jennifers Teodora, kalla Tea. Den fem år gamle shetlandsponnien var eigentleg ikkje tiltenkt konkurransar, men no har dei debutert i Lett, og Marit håpar på NM neste år. Små, men med store ambisjonar! Foto: TKK/SU-K
Kristine Steine Sund og seks år gamle Piet, ein KWPN eigd av Maria Henriksson. Kristine skildrar han som ein følsam type med mykje kraft. Dei har så smått begynt å tenkje på unghest-VM neste år. Foto: TKK/SU-K

Det vart mange gode diskusjonar om karaktersetting, men også mykje erfaringsutveksling. Fleire kjende seg att i utfordringane dei såg på bana, og bidrog med både støtte, forståing og eigne erfaringar. Mange av deltakarane har sjølve fleire roller i sporten, og kunne sjå situasjonane frå ulike sider.

Ei skrittøving fekk eit meir handfast mål då representantar frå både TKK og SU-K stilte opp som levande presisjonsport. Det er ikkje kvar dag ein kan sikte mellom to utval. Foto: TKK/SU-K
Kjersti Storrusten og ni år gamle Mondeo. Sidan han kom til Kjersti våren 2024, har dei arbeidd med å byggje opp treninga steg for steg. Mondeo meiner sjølv at alt kan løysast med fart, og maraton er difor favoritten. Foto: TKK/SU-K

Etter det praktiske arbeidet i ridehuset, delte Øivind Mikkelsen erfaringar med ulike hesterasar i konkurransar i inn- og utland, før dagen vart avrunda med felles middag og Inspirasjonshelg-quiz.

Vinnarane av Inspirasjonshelg-quizen. Premien var ikkje pokal eller pengepremie, men heder, ære og retten til å dømme frå C i litt meir behagelege stolar og sofaer søndagen etter. Foto: TKK/SU-K
Silje Hammerstad med groom Jonas Fjeld og tospannet Ponnyhaugens Charlie Brown og Tempers Sionyn. Begge ponniane er fødde i 2012 og har same far, Tremymor Showman. Foto: TKK/SU-K

Når alle får vere dommarar

Søndagen vart det tid for å prøve seg på heile dressurprogram. Demonstrasjonsekvipasjane køyrde til saman fem ulike program, frå Utdanning Intro til FEI 2* HP1, og deltakarane fekk utdelt dommarprotokollar. På desse registrerte dei mellom anna kvar dei sat, og om dei var dommarar, utøvarar, trenarar eller hadde andre roller. Nokre av demonstrasjonsekvipasjane rakk naturleg nok ikkje å dømme alle programma sjølve.

Etterpå samla vi inn protokollane og rekna ut prosentane. Desse vart seinare samanstilte i rapportar til demonstrasjonsekvipasjane. Og her var det litt å fundere på.

I seks av dei åtte oppsummeringane låg gjennomsnittsprosenten frå dei som hadde registrert seg som dommarar, lågare enn frå dei andre deltakarane. Her er differansane, i prosentpoeng, rekna som dommarar minus andre/ukjent:

Eit anna interessant funn var at dommarane såg ut til å vere meir samde seg imellom. For alle dei åtte ekvipasjane var forskjellen mellom høgaste og lågaste prosent mindre blant dommarane enn blant dei andre deltakarane. Det kan vere eit uttrykk for at dommarutdanning og erfaring bidreg til ei meir felles forståing av karakterskalaen. Samtidig var det færre protokollar frå dommarane, noko som i seg sjølv kan gje mindre spenn. Vi skal difor vere varsame med å trekkje bastante konklusjonar, men interessant er det like fullt.

Dette er ikkje eit kontrollert forsøk, og tala seier ikkje kven som dømde mest korrekt. Gruppene var små, og kategorien «andre/ukjent» kan også omfatte folk med dommarerfaring. Men forskjellane var store nok til å vere interessante å snakke om.

Gjennom laurdagen hadde vi blitt kjende med ekvipasjane. Dei hadde delt tankar og utfordringar, og vi hadde sett dei arbeide med øvingane. På søndagen hadde fleire falle meir til ro, blitt varmare i trøya og vist framgang. Då er det lett å engasjere seg og ønskje at dei skal lykkast.

Allereie laurdagen såg vi at deltakarar utan dommarbakgrunn gjerne lét seg begeistre av gode forsøk, klok kusking og potensial. Det er fint å sjå det positive og oppmuntre. Men når vi sit med dommarprotokollen, må vi skilje mellom det vi gjerne vil belønne, og kvaliteten på den øvinga vi faktisk skal bedømme. Ein kusk kan gjere ein framifrå jobb med å løyse ei vanskeleg oppgåve, utan at det nødvendigvis resulterer i ei framifrå utført øving.

Heldigvis har vi både kommentarane og alment inntrykk til å trekkje fram god kusking, vise forståing og gje oppmuntring, utan å la det påverke karakteren for den enkelte øvinga. Kanskje er dei med dommarerfaring meir vane med å halde desse vurderingane frå kvarandre? Det kan vere ei mogleg forklaring, men tala våre gjev ikkje noko sikkert svar.

Og når vi først er inne på kva som kan påverke vurderingsevna, må vi heller ikkje gløyme innsatsen til Stav kjøre- og rideklubb. Dei bidrog sterkt til gjennomføringa av helga, ikkje minst med kakebaking på eit imponerande høgt nivå. Om det tidvis høge sukkerinntaket kan ha påverka karaktersettinga, har vi førebels ikkje datagrunnlag til å konkludere med. Men at det bidrog positivt til stemninga, er det liten tvil om!

Vilde Hedemark Valen-Sendstad og Maja, med Lisa Støtterud som groom. Dei konkurrerer internasjonalt på 3*-nivå, har delteke i fleire EM og VM, og vart nummer tre i dressuren under EM U25 i år. Foto: TKK/SU-K

Ei helg skapt av mange

Det er ingen tvil om at demonstrasjonsekvipasjane var dei store stjernene denne helga. Å stille med hestane sine for å bli studert i både baugar og kantar av over 50 interesserte menneske, er ikkje for pingler. Og det krev endå meir å vere open om både styrkar, svakheiter og utfordringar. Nettopp denne openheita har vore ein hovudingrediens i helga.

Maria Henriksson sitt firspann: stanghestane Picasso (6) og Raven (5), og forløparane Pedro (6) og Marko (9). Picasso har sølv frå unghest-VM, Pedro legg alltid inn 110 prosent innsats, medan Marko er stallen sin klovn og diva. Firspannet inngår i Maria si vidare satsing på par og firspann. Foto: TKK/SU-K

Det krev også mot å halde opp ein karakter framfor ei heil forsamling, grunngje vurderinga si og dele tankane sine med andre som kanskje ser det annleis. Vi takkar alle som bidrog i diskusjonane, og ikkje minst alle som delte raust av kunnskap og erfaringar – også dei som til vanleg kan ta seg godt betalt for nettopp slike råd.

Vi vil og takke Leietau.no og Sportskjøring.no for oppmerksamheitene til demonstrasjonsekvipasjane.

Det vart ei helg der vi kunne samlast om den felles lidenskapen for køyresporten, med plass til både fagleg alvor, gode diskusjonar og mykje latter. Og kanskje er det nettopp slik vi kan gjere kvarandre betre: ved å møtast, prøve, spørje og dele det vi kan. Vi gler oss allereie til Inspirasjonshelga 2027!

Webinarserie i dressurkøyring

Vi tek med oss dei gode diskusjonane frå Inspirasjonshelga vidare i ein webinarserie over fire onsdagskveldar. Her ser vi nærare på demonstrasjonsekvipasjane, karakterane og vurderingane som vart gjorde under helga.

Les meir om webinarserien og meld deg på her.

Relaterte artikler