Kjøring
Same øving, ulike karakterar – kva ser vi eigentleg?
Under Inspirasjonshelga på Stav fekk vi mange gode diskusjonar om dressurkøyring, både om enkeltøvingar, karakterar og kva vi legg vekt på når vi vurderer ein ekvipasje. No tek vi med oss diskusjonane vidare i ein webinarserie over fire onsdagskveldar.


Gjennom webinarserien skal vi sjå nærare på to av demonstrasjonsekvipasjane frå Inspirasjonshelga kvar kveld. Vi har film frå både kortsida og langsida, i tillegg til karakterane frå deltakarane som dømde programma under helga.
Kor stor var spreiinga i karakterane? Kva var deltakarane samde om, og kvar sprikte vurderingane? Og ikkje minst, kva kan forklare at den same øvinga blir vurdert ulikt?
Ved å sjå øvingane frå to ulike vinklar, samtidig som vi går gjennom karakterane som vart gitt, håpar vi å kome litt nærare tankane og vurderingane som ligg bak tala. Kanskje ser vi noko anna frå langsida enn frå kortsida? Kanskje legg vi ulik vekt på forskjellige delar av ei øving? Og kanskje oppdagar vi at det finst fleire måtar å kome fram til den same karakteren på.
Både dommarar, kuskar, trenarar og andre med interesse for dressurkøyring er hjarteleg velkomne.
Datoar og påmelding
Webinara blir haldne på følgjande datoar, alle frå kl. 19.00 til 20.00:
- Onsdag 11. november 2026
- Onsdag 18. november 2026
- Onsdag 25. november 2026
- Onsdag 2. desember 2026
Det er gratis å delta, og du kan melde deg på eitt eller fleire av webinara gjennom same påmeldingsskjema.
Meld deg på webinarserien her.
Påmeldingsfristen er dagen før kvart webinar. Lenke til deltaking blir sendt ut på mail same dag som webinaret.
Har du spørsmål, kan du kontakte TKK ved Janne Hetle på telefon 924 41 175.
Vi håpar mange har lyst til å vere med vidare, og ser fram til fire lærerike kveldar med dressurkøyring, karakterar og ulike perspektiv!
Relaterte artikler

Kjøring
Inspirasjonshelga – saman om å bli betreInspirasjonshelga – saman om å bli betre

Kjøring
Fra generalprøve til nordisk mesterskap på StarumFra generalprøve til nordisk mesterskap på Starum

Kjøring
Sleggelaget bygger mer enn hinderSleggelaget bygger mer enn hinder

NRYF
Reglementsendringer i NRYFs konkurransereglement for 2027Reglementsendringer i NRYFs konkurransereglement for 2027