Teknisk Personell

Invitasjon til Sleggelaget

Sportsutvalet i køyring (SU-K) og Teknisk Komité køyring (TKK) har gleda av å invitere alle autoriserte køyrebanebyggarar til det aller første sleggelaget!

av
Martine Gulliksen

Sleggelaget er eit samarbeid mellom SU-K og TKK, og er ei samling for banebyggarar. Hensikta med Sleggelaget er å gje banebyggarar ei faghelg med fokus på bygging av faste hinder, noko som i dag blir gjort forholdsvis sjeldan. Samstundes ynskjer vi å gje ein klubb fagleg bistand ved bygging av eit fast hinder. Klubbar får vere vertskap for Sleggelaget etter søknad, og tildelt etter gitte kriteriar som skal sikre godt fagleg utbytte og geografisk spreiing.

I år finn Sleggelaget stad hjå Råde og Onsøy Rideklubb 6-8 september.

Råde og Onsøy Rideklubb (RORK) har eit større område beståande av ein skog og to eldre ridebaner som dei ynskjer å utvikle til eit maratonområde. Dei skal og settje opp ei Agria naturbane i same området. RORK har maskiner tilgjengeleg denne helga, og målet er å bistå med utviklinga av området, samt design av eit gjerdehinder som seinare og skal la seg kombinere med mobile hinderelement. Det skal og anleggjast vannhinder på området, formodentleg i same tidsrom.

Sleggelaget er praksisgjevande på lik linje med å bygge eit stevne, og fagleg ansvarlege for samlinga er kursholdarar banebyggar Odd Rune Vikheim og Harald Løtuft.

Det kostar ingenting å delta på samlinga, men den einskilde må sjølve sørge for overnatting og transport. Vi oppfordrar og den einskilde banebyggar til å søke reistestøtte frå sin klubb eller krins.

Påmelding skjer innan 25. august gjennom kursportalen til NIF: https://www.minidrett.no/kurs/12417239

For rimeleg overnatting, kan ein leige hytter hjå Tune Ridesenter. Hyttene har 2 eller 4 soveplassar, kjøleskåp og vasskokar. For helga kostar ei 2-mannshytte 900 kr, og ei 4-mannshytte 1200 kr. Det er og nokre plassar med straumuttak for bubil og campingvogn, pris på desse kjem seinare. Det blir og tilbode frukost, lunsjbuffét og middag i kantina. Frukost kostar 100 kr, medan lunsjbuffét og middag kostar 250 kr. Vi ynskjer gjerne at dykk bestill kost og losji innan 25. august.

For bestilling av kost og losji, eller andre spørsmål kring samlinga, ta kontakt med Janne Hetle på tlf 92 44 11 75 eller e-post jackogpoden@hotmail.com

Du kan søke reisestipend fra Sportsutvalget

Alle deltakere med reise- og bokostnader som overstiger kr 1.000,- får mulighet til å søke om reisestipend. Sportsutvalget har avsatt kr 15.000,- til dette formålet. Stipendets størrelse vil bli fordelt proporsjonalt/prosentmessig basert på beløpet i de innsendte søknadene. Vær oppmerksom på at kostnadene må dokumenteres, husk å ta vare på kvitteringer.

Vel møtt til ei kjekk helg med banebygging!

Relaterte artikler