Kjøring
Program for Inspirasjonshelga 2026
3.–4. oktober samlast køyremiljøet på Stav til Inspirasjonshelga 2026. No er programmet for ei lærerik og sosial helg med fagleg påfyll, praktisk dømming og erfaringsutveksling klart.


Helga blir i hovudsak vigd til praktisk dømming av demonstrasjonsekvipasjar, og vi ser fram til mange gode diskusjonar og innspel. Gjennom helga har vi følge med kurslærarar i dressurkøyring Anne Grundvig og Marte Sneeggen, i tillegg til innlegg frå røynde kuskar og trenarar.
Heile 20 ekvipasjar har meldt interesse for å vere demonstrasjonsekvipasjar. Desse syner godt breidda i dei ekvipasjane ein kan møte som dommar og trenar, og vil danne grunnlag for mykje av det praktiske arbeidet gjennom helga.
Med årets tema «Korleis kan vi bli betre?» håpar vi at demonstrasjonsekvipasjar, dommarar, utøvarar, trenarar og andre med interesse for sportskøyring får ei kjekk, lærerik og ikkje minst sosial helg.
Fredag 2. oktober
Kl. 19.00 – Uformell samankomst i Havrebua for dei som kjem fredag.
Laurdag 3. oktober
Kl. 09.00 – Velkomen. Gjennomgang av resultat frå spørjeskjema.
Kl. 09.30 – Eivind Davik: Dressurkjøring – fra nødvendig onde til livslang lidenskap.
Kl. 10.00 – Kaffi og informasjon om dømming av demonstrasjonsekvipasjar.
Kl. 10.15 – Demonstrasjonsekvipasjar – utdanning.
Kl. 11.15 – Demonstrasjonsekvipasjar – lett.
Kl. 13.00 – Lunsj.
Kl. 14.00 – Demonstrasjonsekvipasjar – middels.
Kl. 15.00 – Demonstrasjonsekvipasjar – vanskeleg.
Kl. 16.00 – Wenche Johannesen og Øivind Mikkelsen deler erfaringar med å starte med ulike rasar på høgare nivå nasjonalt og internasjonalt.
Kl. 17.00 – Gjennomgang av videoar frå dagens praktiske økt.
Kl. 18.00 – Oppsummering og evaluering, og førebuing til morgondagen.
Søndag 4. oktober
Kl. 09.00 – Kaffi og velkomen. Praktisk informasjon.
Kl. 09.15 – Dømming av demonstrasjonsekvipasjane.
Kl. 12.00 – Lunsj.
Kl. 13.00 – Gjennomgang av dømminga.
Kl. 15.00 – Takk for no, og vel heim.
Det kan kome mindre endringar i programmet.
Vil du vere med?
Inspirasjonshelga er open for alle med interesse for køyresport. For teknisk personell er helga kompetansegjevande – også for dei som ikkje dømmer dressur.
Påmeldingsfristen er 12. september.
Les meir om Inspirasjonshelga og meld deg på her:
https://rytter.no/nyheter/pamelding-er-open-til-inspirasjonshelga-2026
Relaterte artikler

Kjøring
Målte krefter med verdenselitenMålte krefter med verdenseliten

Kjøring
Norske ekvipasjer klare for maraton etter VM-dressurenNorske ekvipasjer klare for maraton etter VM-dressuren

Kjøring
To norske kusker klare for VM i kjøringTo norske kusker klare for VM i kjøring

Kjøring
Små marginer og store erfaringer for de norske EM-kuskeneSmå marginer og store erfaringer for de norske EM-kuskene